Bygging av gang- og sykkelveg ved fv. 55 i Høyanger kommune. Anlegget ligg på nordsida av Sognefjorden mellom Vadheim og Høyanger.

Prosjektet omfattar bygging av gang- og sykkelveg på to strekningar langs med fv. 55 på Kyrkjebø i Høyanger kommune. Desse er Ljotebø-Tronvik i vest og Håland-Austreim i øst. Ny gang- og sykkelveg vert ei forlenging av eksisterande gang- og sykkelveg mellom Tronvik og Håland slik at det vert samanhengande gang- og sykkelveg frå vestsida av Ljotebøelvi til og med Austreimselva. Lengda på dei to strekningane tilsaman er 1,7 km og dette vil gi ein samanhengande gang- og sykkelveg på i underkant av 4 km. I tillegg vert om lag 0,8 km av riksvegen lagt om.
| Tittel | Beskrivelse |
|---|---|
| Reguleringsplan for rv. 55 gang- og sykkelveg på Kyrkjebø | (pdf 5,3 MB) |
| Veg: | Fv. 55 |
|---|---|
| Fase: | Åpnet |
| Kommune: | Høyanger |
| Fylke: | Sogn og Fjordane |
| Prosjekteier: | Sogn og Fjordane fylkeskommune |