Hovedside/Vegprosjekter/Fv. 567 Hauge-Lonevåg

Fv. 567 Hauge-Lonevåg

Prosjektet er ei vidareføring av dei omfattande arbeida som er gjort dei seinare åra: Osterøybrua, Tirsåstunnelen og Hannisdalslinja (Rolland-Hauge). Med parsellen Hauge-Lonevåg vil det i hovudsak bli god veg heilt fram til kommunesenteret Lonevåg.

Her ved Hauge vil nyvegen gå rett fram og i ny trase i retning Lonevåg.Her ved Hauge vil nyvegen gå rett fram og i ny trase i retning Lonevåg.

Osterøy har etter omfattande arbeid dei seinare åra fast samband til fastlandet via Osterøybrua og påfølgjande god framkost heilt til Hauge. Men eksisterande fv. 567 mellom Hauge og Lone bru (Lonevåg) held så dårleg standard at det skaper problem for den stadig aukande trafikken, særleg for dei større køyretøya som er viktig for transport til og frå bedriftene på Osterøy. Trafikktilhøva for gåande og syklande og for dei som bur langs vegen, er lite tilfredsstillande. Med parsellen Hauge-Lonevåg vil det i hovudsak bli god veg og tryggare framkomst heilt fram til kommunesenteret Lonevåg.

NB: Grunna den nye Forvaltningsreforma (1-1-2010) vart riksveg 567 til fylkesveg 567.

Fv. 567 Hauge-Lonevåg
Veg: Fv. 567
Fase: Byggefase
Kommune: Osterøy
Fylke: Hordaland
Prosjekteier: Hordaland fylkeskommune