Dei tok sjansen på fredag den 13. og asfalterte den nye traseen i Bysheimsvingen. Allereie no kan trafikantane gle seg over enklare framkomst, sjølv om ikkje alt er heilt ferdig når det gjeld sideterreng og rekkverk [13.08.2010]
Det er NCC som på vegne av hovudentreprenøren gjer asfaltjobben.
I løpet av september skal her vere rydda og planert langs vegen og rekkverket skal vere på plass.
Asfaltlegginga i Bysheimsvingen går fint, sjølv om det er fredag 13.