Dalsfjordsambandet knyter saman kommunane Askvoll og Fjaler.
Dalsfjordsambandet ligg i Sunnfjord og kryssar kommunegrensa mellom Askvoll og Fjaler og er hovudsambandet mellom dei to kommunane. Sambandet er ein del av riksvegnettet og vert i dag trafikert av ei ferje som brukar 25 min på overfarten. Dalsfjorden er i dag ein trafikal barriere for kontakt på tvers av fjorden.
NB! På grunn av forvaltningsreformen (1.1.2010) blei riksveg 609 og 57 til fylkesveg 609 og 57.
| Veg: | Fv. 609 |
|---|---|
| Fase: | Byggefase |
| Kommuner: | Askvoll, Fjaler |
| Fylke: | Sogn og Fjordane |
| Prosjekteier: | Sogn og Fjordane fylkeskommune |