Den trondhjemske postvegen kryssar fylkesveg 60 ved Beithoggane. Postvegen er registrert i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner i Møre og Romsdal. Det blir bygt ny parkeringsplass og ei trafikksikker kryssing av fylkesvegen for å sikre at folk kan fortsette å bruke han som turmål.
Vegen ligg i naboskap med Geiranger-Herdalen landskapsvernområde og området som er registrert som Vestnorsk fjordlandskap på verdsarvlista til UNESCO. Utsikta over Geirangerfjorden og Synnulvsfjorden frå Ljøen er sprektakulær. I samband med rassikringa byggjer Statens vegvesen eit utsiktspunkt som vil bli ein attraksjon i seg sjølv.
Ljøbrekka er eit av dei mest brukte turmåla i Stranda kommune. Både i Herdalen og på Ljøen blir det tilrettelagt for parkering for dei som ønsker å gå tur i området.
Utsiktspunktet på Ljøen har fantastisk utsikt over Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden. Staden skal vere ferdig til turistsesongen
2013. Foto: Arne Ola Stavseng