Arbeidet med rassikring er i rute. Før påske vert det gjennomslag i den 1200 meter nye forlenga Streketunnelen mot sør. Denne kjem inn i den gamle tunnelen som skal rehabiliterast. [15.03.2010]
I samband med dette arbeidet vart det tidlegare annonsert 3 veker heilt stengt veg med ferje og hurtigbåt mellom Stranda og Hellesylt. Etter nye vurderingar, saman med vår hovudentreprenør, NCC Construction AS, vert rehabiliteringa gjennomført med nattestenging fram til 04. 06. 2010, utan ferje og hurtigbåt. Dette er i hovudsak mogleg fordi vegbana er senka omlag 20 cm slik at det vert mindre sprenging i taket av tunnelen.
Fram til påskeferien laurdag 27. mars kl 05.30 vert det nattestengt som tidlegare annonsert og skilta, 17.30-05.30.
Etter påske, frå tysdag 6. april til fredag 4. juni, vert det stengt 6 netter kvar veke (ikkje natt til søndag) mellom kl 17.30 og 05.30. Kolonnekøyring med ledebil som før kl 20.00 og kl 22.15 mellom bommer på Røyr og ved Hellesylt. I samband med hellig dagar vert det ikkje nattestengt 30. april - 1. mai, 12.-18. mai og 21.-25. mai.
Dette vert kunngjort med annonser og meldingar.
Mogleg omkøyring; E39 Ørsta-Volda
Kontaktpersonar:
Byggeleiar Arne Ola Stavseng, mobil 901 34 713, arne.stavseng@vegvesen.no
Kommunikasjonsrådgjevar Wiggo Kanck, mobil 975 37 663, wiggo.kanck@vegvesen.no
Trafikkinnformasjon, Vegtrafikksentralen tlf. 175/www.vegvesen.no