Traffic Solutions AS fekk elektrokontrakten i Streketunnelen

Traffic Solutions A/S fekk kontrakten på elektroarbeida i Strektunnelen på fylkesveg 60. Det var seks tilbydarar. [24.08.2010]

Traffic Solutions A/S er eit arbeidsfellesskap mellom Hareid Elektriske Teknikk AS frå og Kvinnherad Elektro AS frå Rosendal. Kontrakten er på knapt 9 millionar kroner. Høgste tilbod var på 12,6 millionar kroner. Kontrakten er den tredje på 1. byggjesteg. Arbeidet vert starta opp tidleg i januar neste år og skal vere ferdig 15. juni 2011.

Kontrakten gjeld levering, montering og igangsetting av elektroteknisk utrustning og styringsanlegg til om lag 1 200 meter forlenging av Streketunnelen mot sør og om lag 800 meter rehabilitering av eksisterande Streketunnel. I kontrakten inngår og levering av antennemast med fundament, kursopplegg og kabling for radio og kommunikasjonsutstyr.

Dei fire ventilatoranane, som skal monterast, blir levert av byggherre.

Utstyr for radio og kommunikasjon blir kjøpt i eit eige tilbod.

Traffic Solutions AS fekk elektrokontrakten i Streketunnelen