Dette er delområde 5 av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen [20.02.2012]
I medhald til § 12-10 i plan- og bygningslova vert reguleringsplan med tilhøyrande planomtale og føresegner for fv. 659 Nordøyvegen for planområde Myklebust på Harøya lagt ut til offentleg ettersyn.
Den formelle handsaminga skjer i samsvar med § 3-7 og § 12-10 i plan- og bygningslova. Planforslaget er utarbeidd av Statens vegvesen og Sandøy kommune legg reguleringsforslaget ut til offentleg ettersyn.
Planforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 15.02.12–28.03.12 på følgjande stadar:
eller last ned plandokumenta her
Planen vert sendt til grunneigarar, organisasjonar og andre råka til uttale. Samtidig vert planen sendt til handsaming i fylkeskommunen, statlege og kommunale organ, som har sine fagområde å ivareta i området.
I høve at reguleringsplanen er utlagt til offentleg ettersyn blir det arrangert ein utekontordag på Sandøy rådhus onsdag 14. mars 2012 kl. 1500–1900.
Frist for å komme med merknader er satt til 28.03.12
Dersom nokon ynskjer eigne møter, synfaringar eller liknande er det berre å ta kontakt med prosjektleiinga. Slik kontakt og andre spørsmål kan rettast til
Eventuelle merknader til reguleringsplanforslaget skal sendast til post@sandoy.kommune.no eller Sandøy kommune, 6487 Harøy
Sandøy kommune tek imot alle merknader og handsamar dei i samarbeid med Statens vegvesen, før planen vert lagt fram for kommunestyret for endeleg vedtak. Kommunen sitt vedtak kan påklagast jf. § 12-12 i plan- og bygningslova.