
Prosjektet er ein del av Kvammapakken og gjeld opprusting av eksisterande veg frå Skarpasvingen via Laupsa til Øystese aust. Mellom Laupsa og Laupsaneset vil vegutvidinga hovudsakleg kome på innsida, det vil seie større skjering og sprenging. Vidare vestover vil vegutvidinga kome som fylling på utsida. Det vi bli bygd fortau mellom Laupsa og Øystese aust.
NB! På grunn av den nye forvaltningsreforma (1.1.2010) vart riksveg 7 til fylkesveg 7.
| Veg: | Fv. 7 |
|---|---|
| Fase: | Planfase |
| Kommune: | Kvam |
| Fylke: | Hordaland |
| Prosjekteier: | Hordaland fylkeskommune |