Det er Statens vegvesen sin klare anbefaling etter at Kommunedelplan med konsekvensutgreiing for Gandsfjordforbindelsen i går, måndag blei sendt over til Sandnes kommune. [09.03.2010]
Statens vegvesen la i går fram plan og utgreiing av to alternativ for Gandsfjordforbindelsen, men anbefalar Sandnes kommune å vente med vidare behandling av planen etter Plan- og bygningslova. Statens vegvesen ønskjer at Konseptvalutgreiinga for transportsystemet på Jæren (KVU) og ekstern kvalitetssikring (KS1) først skal bli ferdig behandla i departementet.
Kva skjer vidare?
– Før vi kan anbefale bru over Gandsfjorden, eller utbetring av rv. 13, må vi vite meir, både om - korleis Sandnes har planar
om å takle trafikkauka i kommunen og om korleis dei regionale planane for utbygging og transport blir, seier planleggingsleiar
i Statens vegvesen, Astri Taklo.
På bakgrunn av dette vil ikkje Taklo anbefale vidare behandling av planen etter Plan- og bygningsloven før etter at den overordna konseptvalutgreiinga (KVU) og den eksterne kvalitetssikringa (KS1) er på plass. Når så politikarane i Rogaland har bestemt seg for om element frå denne skal med i revidert fylkesdelplan for byutvikling eller ikkje, bør grunnlaget for planen være klart, seier ho.
Sandnes velgjer
Taklo presiserer at Sandnes kommune sjølvsagt står fritt til å velgje om dei vil følgje anbefalinga frå Statens vegvesen eller
om dei ønskjer å leggje planen ut på høyring.
Bakgrunn
Planarbeidet for Gandsfjordforbindelsen starta for første gong hausten 2005. Etter ei tid blei arbeidet stoppa grunna manglande
overordna avklaringer, og ny oppstart blei varsla i februar 2008. I samsvar med Plan- og bygningslova blei det utarbeida eit
planprogram som blei stadfesta i Sandnes bystyre 17. juni same år.