Likholefossen i Gaula, Nasjonal turistveg Gaularfjellet. Arkitekt: Nordplan - Arild Waage ©Foto: Bjørn Andresen / Statens
vegvesen
På reisa over Gaularfjellet vil turistane få oppleve storslått natur og nærleiken til Gaularvassdraget. Vegen er eit fredeleg alternativ til hovudvegane frå Sunnfjord til Sogn. Vegen går langs verna vassdrag, mange fossar og ein stille fjordarm.
Her kan born og vaksne oppleva aurefiske på sitt beste og vandra på fine stiar langs fossar og stryk. Her er også tilbod om leige av båt og gode høve for dei som likar å vandra i fjellet. Turiststaden Balestrand lokkar med museum og galleri og eit godt utval av tenester og service.
| Kommuner: | Gaular, Balestrand, Førde |
|---|---|
| Fylke: | Sogn og Fjordane |