Utsikta frå vindauget på bilen er ein viktig del av opplevinga når du kjører ein Nasjonal turistveg. Mange stader er landskapet
i ferd med å gro igjen. Utsiktsrydding er ein viktig del av arbeidet med turistvegane. Det er utført utsiktsrydding på denne
turistvegstrekninga i to omgangar, i 2004/05 og i 2008. Noko av dette er utført i regi av landbruksavdelingen hjå Fylkesmannen
i Sogn og Fjordane sitt prosjekt ”opne landskap”.
Statens vegvesen har delteke i finansiering av ei stilling knytta til næringsutvikling på denne strekninga og har gått inn med planmidlar til fleire tiltak i privat/kommunal regi.
Likholefossen i Gaula, Gaularfjellet. Arkitekt: Nordplan - Arild Waage ©Foto: Bjørn Andresen / Statens vegvesen
Fv. 13 over Gaularfjellet går i mange svingar fra Vetlefjorden ved Sognefjorden og opp til høgste punktet ved Nystølvatnet. Her sett frå "Utsikten". ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen
Fv. 13 over Rørvikfjellet med utsikt mot Haukedalsvatnet. ©Foto: Helge Stikbakke / Statens vegvesen
Sværefjorden i Balestrand, fv. 13. ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen
Frå busetnaden i Balestrand ved Sognefjorden. ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen