Planlagde anlegg

Dragsvik ferjekai, opprusting av landområdet
Det er innleia eit samarbeid i Statens vegvesen om opprusting av landområdet og toalettbygget ved Dragsvik ferjekai.  Det er laga eit skisseprosjekt for dette.

Grønlund, rasteplass
Det er ønskje om ein stoppestad ved fjorden på strekninga frå Balestrand/Dragsvik til Vetlefjorden. Her peikar Grønlund seg ut som ein naturleg plass for ein liten rasteplass med god fjordkontakt. 

Utsikten, stor rasteplass og utsiktspunkt
Rasteplassen ved ”Utsikten” på Gaularfjellet byr på panoramautsikt over det flotte landskapsrommet og køyrevegen som går i slyng nedover fjellsida. Den planlagde rasteplassen og utsiktspunktet vil forsterka opplevinga av utsikt ved bruk av spennande arkitektur. Her er det også lagt inn eit amfi som kan brukast ved lokale arrangement og nytt toalett som er integrert i byggverket. 

Eldalsosen-Vikja
Gaular kommune ønskjer å rusta opp bygdesenteret i Vikja. Statens vegvesen er deltakar i planlegginga av tiltak og er også med i eit spleiselag for tilbakeføring av den gamle stien langs vassdraget.

Vallestadfossen
Det er ønskje om å ha ei betre tilrettelegging ved denne mektige fossen, både på utsiktspunktet oppe ved hovedvegen og høve til kryssing av elva for å oppleve nærkontakt med vassdraget. Det må også leggjast betre til rette for parkering.

Rørvikfjellet, utsiktspunkt
Den øvste slyngen på Rørvikfjellet er ein mykje brukt stopplass som byr på panaromautsikt over Haukedalsvatnet og glimt av Jostedalsbreen. Ny og bedre tilrettelegging med utsiktsplattform og parkering for bil/buss vil auka kvaliteten på denne stopplassen. 

Holsen, rasteplass
Holsen er startpunkt for Nasjonal turistveg Gaularfjellet og her ligg det til rette for eit fint utsiktspunkt ved Holsavatnet med plass til informasjon om turistvegen. 

  • KAP: kontor for arkitektur og plan, har laga eit skisseprosjekt for opprusting av landområdet og toalettbygget ved Dragsvik ferjekai. ©Illustrasjon: KAP: kontor for arkitektur og plan.

    KAP: kontor for arkitektur og plan, har laga eit skisseprosjekt for opprusting av landområdet og toalettbygget ved Dragsvik ferjekai. ©Illustrasjon: KAP: kontor for arkitektur og plan.

  • Code arkitektur vant arkitekturkonkurransen for Utsikten på Nasjonal turistveg Gaularfjellet. ©Illustrasjon: Code arkitektur

    Code arkitektur vant arkitekturkonkurransen for Utsikten på Nasjonal turistveg Gaularfjellet. ©Illustrasjon: Code arkitektur

  • Prosjektert utsiktsplattform på Rørvikfjellet med utsikt over Haukedalsvatnet. Dette er vinnerutkastet i arkitektkonkurransen om utforming av eit kjent utsiktspunkt på riksveg 13, Gaularfjellet. Fotomontasje (M) Arkitekt: Reiulf Ramstad Arkitekter as ©Visualisering: Reiulf Ramstad Arkitekter as

    Prosjektert utsiktsplattform på Rørvikfjellet med utsikt over Haukedalsvatnet. Dette er vinnerutkastet i arkitektkonkurransen om utforming av eit kjent utsiktspunkt på riksveg 13, Gaularfjellet. Fotomontasje (M) Arkitekt: Reiulf Ramstad Arkitekter as ©Visualisering: Reiulf Ramstad Arkitekter as