Likholefossen er valt som stoppestad ut frå eit ønskje om at folk skal få nærkontakt med ein av dei mange flotte fossane i Gaularvassdraget. Stålbrua over denne fossen gir ei heilt spesiell oppleving, særleg når vassføringa i elva er stor. Det er også kobling vidare frå brua til vandring på ”fossestien” langs det verna vassdraget. Det er laga til ein enkel parkeringsplass og sitjegrupper langs stien bort til brua.
Brua over Likholefossen i Gaula, Gaularfjellet. Arkitekt: Nordplan, Arild Waage. ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen
Detalj av brua over Likholefossen på Gaularfjellet. Arkitekt: Nordplan, Arild Waage. ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen
Brua over Likholefossen i Gaula. Etter ein tørr sommar er det lite vatn i elva. Arkitekt: Nordplan, Arild Waage. ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen
Brua over Likefossen i Gaula, Gaularfjellet. Arkitekt: Nordplan, Arild Waage. © Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen
Likholefossen på Nasjonal turistveg Gaularfjellet. ©Foto: Bjørn Andresen / Statens vegvesen