Hovedside/Vegprosjekter/Nasjonal turistveg Geiranger

Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen

Den store utsiktsplattforma over Trollstigen byr på ei fantastisk utsikt over det verdskjende veganlegget. Arkitekt: Reiulf Ramstad Arkitekter as Landskapsarkitekt: Multiconsult ©Foto: Per Kollstad / Statens vegvesenDen store utsiktsplattforma over Trollstigen byr på ei fantastisk utsikt over det verdskjende veganlegget. Arkitekt: Reiulf Ramstad Arkitekter as Landskapsarkitekt: Multiconsult ©Foto: Per Kollstad / Statens vegvesen

Den tradisjonsrike turistvegen mellom Geiranger og Trollstigen gir kjøreopplevingar av dei sjeldne med høge fjell og djupe fjordar. Den dramatiske vestlandsnaturen og vegen er utnytta av ei aktiv turistnæring i generasjonar. Levekåra på små strandflater og smale fjellhyller er tema for spennande historier frå fortid og notid i eit av verdas vakraste fjordområde. Geirangerfjorden står på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader. Statens vegvesen ønskjer å utvikle strekninga slik at naturopplevinga vert framheva og veghistoria teke vare på.

Trollstigen og vegen mellom Geiranger og Langvatn er vinterstengt.

Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen
Kommuner: Rauma, Norddal, Stranda
Fylke: Møre og Romsdal