Gudbrandsjuvet har i løpet av nokre hektiske sommarmånader 500 000 besøkende. Terrenget og vegetasjonen rundt juvet var prega av stor slitasje ved at mange tråkka rundt i området. Statens vegvesen har lagt til rette både for at folk skal kunne få ei sterkare oppleving i juvet og at terrenget i området ikkje skal bli skada av det høge talet på besøkande.
Den prisbelønte arkitekten Jan Olav Jensen har teikna ein funksjonell utsiktsplattform med fleire utsiktspunkt og god kapasitet. Frå det nye parkeringsområdet ned til utsiktsplattformen er det bygd ei unik bru som leiar turistane i sikk-sakk ned til juvet. Sivilingeniør Finn Erik Nielsen har saman med arkitekten utfordra dei fysiske lovane, med ein 80 meter lang hybrid mellom hengebru og en bjelkekonstruksjon det neppe finns make av i verda.
Det var eit ønskje å gje turistane som besøkte Gudbrandsjuvet eit servicetilbod som stod i stil med attraksjonen. På staden finns kafé som tilbyr gjestane kvalitetsmat medan dei nyt utsikten mot foss, juv og fjell. Meisterkokken Harald Osa har vore med i arbeidet med å utforme kjøkken i den nye restauranten, saman med Gastronomisk institutt.
Statens vegvesen har sammen med Norddal kommune og Møre og Romsdal fylke investert 44 millioner kroner i Gudbrandsjuvet. Vegvesenet har bidratt mest med 37,7 millioner kroner.
Den nye restauranten på Gudbrandsjuvet har hjørnebord med utsikt for alle gjestane sine. Arkitekt: Jensen og Skodvin. ©Foto: Jan Olav Jensen
Gangbruer og sikkerhetsrekkverk ved fossene gjennom Gudbrandsjuvet i Valldalen, Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen. Arkitekt: Jensen & Skodvin Arkitektkontor as ©Foto: Magne Flemsæter / Statens vegvesen
Utsiktsplattform, gangbruer og sikringsrekkverk ved Gudbrandsjuvet i Valldalen, Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen. Arkitekt: Jensen & Skodvin Arkitektkontor as ©Foto: Per Kollstad / Statens vegvesen