Planlagde anlegg rv. 7

Attraksjon, Steinsdalsfossen
Føresetnader: Steinsdalsfossen er ein av dei tre store fosseattraksjonane i Hardanger. Dei besøkande kan her få ei spesiell oppleving ved å gå bak fossen på ein tilrettelagt sti. Det er laga eit forprosjekt for oppgradering av området med romsleg parkeringsplass, nytt servicebygg med toalett, turistinformasjon og opprusting og sikring av stien opp til fossen. Finansiering er foreslått løyst ved eit spleiselag.

Steinsdalsfossen , rv 7 , Nasjonal turistveg Hardanger , Nasjonale turistveger Steinsdalsfossen ved Nasjonal turistveg Hardanger. ©Foto: Jørn Hagen/ Statens vegvesen