Hovedside/Vegprosjekter/Haugalandspakken

Haugalandspakken

Haugalandspakken er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan med sikte på utvikling av transportsystemet på Haugalandet.

Haugalandspakken omfattar hovudsakleg ei standardheving av dei to viktigaste transportårene gjennom regionen: E134 mellom Haugesund og Etne og rv. 47 gjennom dei sju involverte kommunane (sjå oversikt lenger nede).

Det er også aktuelt å gjennomføre tiltak på E39 og på fylkesvegane.

Måla for Haugalandspakken er:

  • å oppnå ein meir effektiv og miljøvenleg vegtransport
  • å redusere veksten i biltrafikken i byområdet
  • å redusere talet på trafikkulukker og støyplager som resultat av vegtrafikken
  • å utvikle eit tilrettelagt og velfungerande transportsystem for alle brukargrupper, mellom anna ved å styrke kollektivtransporten og bygge nye sykkel- og gangvegar
Haugalandspakken
Fase: Planfase
Kommuner: Etne, Sveio, Bokn, Haugesund, Karmøy, Tysvær, Vindafjord
Fylker: Rogaland, Hordaland