Haugalandspakken omfattar ei rad større og mindre tiltak og prosjekt i dei sju involverte kommunane. Men rekkefølgja prosjekta og tiltaka skal gjennomførast i, er ikkje bestemt, det vert avgjort etter kvart.
To grupper er oppretta i samband med dette:
Einar Færaas, Statens vegvesen, er tilsett som prosjektkoordinator for Haugalandspakken.
Tom Tvedt, fylkesordførar i Rogaland, er leiar for den politiske styringsgruppa, som elles består av politiske representantar frå Rogaland fylkeskommune og dei sju involverte kommunane. Statens vegvesen ved Einar Færaas er sekretær for gruppa.
Representantar frå administrasjonen i Rogaland fylkeskommune og dei involverte kommunane sit i den administrative koordineringsgruppa saman med representantar frå Statens vegvesen og éin felles representant for Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Hordaland. Astrid Eide*, Vegvesenet sin distriktssjef i Haugaland og Sunnhordland distrikt, leiar gruppa, medan prosjektkoordinator Einar Færaas er sekretær.
Korleis fungerer beslutningsprosessen?
Vi skal prøve å gje ei grov framstilling av det under, steg for steg frå 1 til 9:
Koordineringsgruppa kjem til å ha eitt møte annankvar månad, det første 17. desember 2007. For den andre gruppa vil møtefrekvensen truleg variere meir.
* Astrid Eide er i permisjon. Ivar Torkildsen stiller som leiar i staden.