Hovedside/Vegprosjekter/Nasjonal turistveg Jæren

Nasjonal turistveg Jæren

Måneskinn over steingjerde ved Varhaug, Nasjonal turistveg Jæren. ©Foto: Werner Harstad / Statens vegvesenMåneskinn over steingjerde ved Varhaug, Nasjonal turistveg Jæren. ©Foto: Werner Harstad / Statens vegvesen

Denne vegen går gjennom eit vidstrakt og ope kulturlandskap langs kanten av Nordsjøen, prega av svært aktivt jordbruk. Korte avstikkarar til rullesteinar og lange sandstrender gir spennande naturopplevingar av havet og kysten, spesielt i storm og ruskevêr. Jærkysten er utan skjergard, og mange skip har havarert her.

Jæren friluftsråd har lagt til rette mange avstikkarar til Jærstrendene med skilting, parkeringsplassar, informasjon og toalettilbod. Vegvesenet har starta eit samarbeid med Jæren Friluftsråd slik at desse stadene kan nyttas som ein del av tilbodet langs turistvegen.

Dei aller fleste stoppestadene på Jæren ligg ved korte sidevegar frå fylkesvegen.

Nasjonal turistveg Jæren
Kommuner: Hå, Klepp
Fylke: Rogaland