Friluftshuset Orre og Orrestranda:
Orrestranda er populær for bading, vandring og brettsegling.
Friluftshuset ved Orrestranda er Jæren Friluftsråd sitt informasjonssenter for friluftsliv og naturvern. I tillegg inneheld bygget utstillingsrom, møterom, kiosk og toalett.
Samarbeidsavtalen mellom Jæren friluftsråd og Statens vegvesen legg til rette for at informasjon om Nasjonale turistvegar skal være ein del av den faste informasjonen i Friluftshuset. I tillegg skal Vegvesenet yte tilskot til å erstatta toalettet ved Friluftshuset med eit nytt og meir tidsriktig anlegg.
Reve hamn:
Statens vegvesen er saman med Jensen og Skodvin arkitekter i prosess med grunneigar, kommunen og fleire for å utvikle Reve
hamn til ein attraktiv stoppestad. Reve er ein populær stad for brettsegling.
Hårr:
Liten rasteplass/utsiktspunkt ut mot rullesteinane på søre del av strekninga. Tomta var lenge tenkt som ein hovudrasteplass,
men omsynet til trafikktryggleik og liten plass mellom riksvegen og vernegrensa mot Jærstrendene landskapsvernområde har gjort
at Statens vegvesen har lagt bort desse planane. Noko utbetring av eksisterande plass er planlagd i siste del av prosjektperioden