Eit etterlengta prosjekt kom til ein målepåle 3. november. Da vart første salve for fv. 107 Jondalstunnelen fyra av, og det var fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen som fekk den store æra å tenne på lunta [05.11.2009]
- Arbeidet starta ved innløpet i sør, i Nordrepollen. Kvar tunnelen skal munne ut er ikkje heilt avklara, men det har ikkje noko å seie for tunneldrifta dei første fjorten dagane, seier prosjektleiar Rolf Harkestad.
Viktig for Folgefonnhalvøya
Den nye Jondalstunnelen vil verte ei lette for transport og reisetid for alle trafikantgrupper i området. Ikkje minst reiselivet vil nyte godt av enklare tilkomst og moglegheiter for ein fin rundtur. Om Jondalstunnelen også vil føre til endra ruteval for trafikken vest-aust, vil framtida vise.
Val av trase
Det er opp til Fylkestinget å avgjere kvar Jondalstunnelen skal munne ut, og det skal dei ta endeleg avgjerd om på neste møte no i november. Førebels går tunneldrivinga i ein trase som er felles for fleire alternativ.