25. januar nådde prosjektet Jondalstunnelen eit nytt delmål. Da vart det gjennomslag i Torsnestunnelen. [24.01.2011]
Gjennomslagssalva laga hol i fjellet, akkurat slik den skulle, og byggeleiar Eivind Kolle seter denne opninga skal verte mykje større i løpet av dagen.
Torsnestunnelen
Denne tunnelen er 583 meter lang, og ligg på strekninga som bind saman Jondalstunnelen med eksisterande fylkesveg til Jondal.
Arbeidet med tunnelen vert utført av Kruse Smith AS som ein del av kontrakten med Jondalstunnelen. Det har gått godt, fjellet
har hatt den kvaliteten som var forventa, og det har ikkje vore ulukker i samband med drivinga. Alt har gått som planlagt.
- Arbeida på tunnelen og tilhøyrande vegar vil i tida framover dreie seg om vatn- og frostsikring, vegarbeid, elektro og anna
restarbeid, slik at alt er klart når Jondaltunnelen er ferdig, seier Harkestad.
- Går alt som planlagt og som vi ønskjer, vert det gjennomslag også i Jondalstunnelen i løpet av året.
Her vart det opning mot omverda. Denne skal verte større i løpet av dagen lovar fotograf og byggeleiar Eivind Kolle.