Halvvegs i Jondalstunnelen

Arbeida har gått svært godt sidan oppstart i september 2009. - Vi vil i løpet av føremiddagen i dag 24. november, ha sprengd halve tunnelen, det vil seie 5025 tunnelmeter, seier prosjetleiar i Statens vegvesen Rolf Harkestad [24.11.2010]

Entreprenøren, Kruse Smith AS, starta anleggsarbeida etter kvart som nødvendige avklaringar kom på plass. Arbeida er utført på fleire frontar,  sjølve Jondalstunnelen er driven frå  begge endar - frå Nordrepollen i Kvinnherad og frå Torsnes i Jondal kommune.
Det er også utført omfattande arbeid med vegutviding i Nordrepollen og bruarbeid på Torsnes. Også arbeidet med ”Torsnestunnelen” er godt i gang.

- Alt ligg derfor vel til rette for at vi både ut frå tid og økonomi skal få eit godt prosjekt, seier prosjektleiar Harkestad. Det har vore gode forhold under tunneldrivinga og pengar og tid er spart som følgje av at fjellet så langt har vore betre enn føresett. Det ser difor ut til at avtalt dato for opning av prosjektet i august 2013 kan framskundast, noko vi veit meir om når resten av tunnelen er ferdig sprengd.

Snart midtvegs i JondalstunnelenFull fart i fjellet - her vert bora, sprengd og sikra etter kvart.