Jondalstunnelen - status oktober 2010

- Arbeidet går som planlagd, seier prosjektleiar Rolf Harkestad. Vi har til no sprengt totalt 4400 meter av Jondalstunnelen og reknar med å ha kome halvvegs om ca fire veker. [18.10.2010]

I løpet av helga 16.-17. oktober vil vi asfaltere øvre berelag frå Nordrepollen, slik at  samla fast dekke i tunnelen vert ein kilometer. Det betyr at vi har fått alle røyr ned i grunnen på strekninga, og vi kan trygt seie at arbeida med tunnel og veg er tilfredsstillande i høve framdrift og ferdigstilling.

Når det gjeld tunnelen vi hittil har kalla Ødegårdstunnelen har entreprenøren med sine folk spist seg 100 meter inn i fjellet. Namnet ser ut til å bli Torsnestunnelen, for framtida.

Styret i bompengeselskapet for Jondalstunnelen har nett vore på synfaring på prosjektet.
- Dei uttrykte at dei var godt nøgde med det dei fekk høyre og sjå, seier prosjektleiar Harkestad som viste dei rundt på anlegget.

Jondalstunnelen under arbeidIkkje "gjennomlys" i tunnelen enno, men snart halvvegs...