Jondalstunnelen desember 2010

Prosjektet ligg godt an i høve framdriftsplanen trass i dårleg fjell ein periode, både inne i tunnelane og på daglina i Nordrepollen. Neste år vert det gjennomslag i begge tunnelane [15.12.2010]

- Arbeida med Jondalstunnelen har ikkje gått så fort dei siste to vekene, fortel prosjektleiar Rolf Harkestad.

Dårleg fjellkvalitet i soner
På nordrepoll-sida gjekk anlegget inn i eit parti med dårleg fjell. Dette var ei sone som forventa ut ifrå dei geologiske registreringane, så det kom ikkje som noko overrasking.
- Vi er no forbi dette og i godt fjell igjen, så arbeida går framover med god intensitet, seier Harkestad.

Arbeid med framføring av veg i dagen på nordrepoll-sida har hatt ein del vanskar, også her som følgje av dårleg fjell, men her ser vi no slutten på problema og venter at vi litt ut på nyåret skal vere i full gang. I februar/mars er det planlagd å starte arbeidet med bruene i Nordrepollen.

På jondals-sida går tunnelarbeida som planlagd. Eit område med sprakefjell medførte noko meir sikring enn tidlegare, men no går framdrifta som før.

I ”Torsnestunnelen” er inndrifta så langt ca 400 meter, og det er forventa gjennomslag i løpet av januar. Fjellet har her vore dårlegare enn i Jondalstunnelen..

Torsnes-Saltkjelen
Arbeida med vegen mellom ”Torsnestunnelen” og eksisterande veg i Saltkjelen er i gang. Planane er klare, og arbeidet med forskjeringa på salkjelen-sida av Torsnestunnelen har starta opp. Desse arbeida vil halde fram i tida som kjem slik at vi får bygd opp kryssområdet ved tilknyting til eksisterande veg.

- Vi reknar med at vi til nyttår vil ha ei total inndrift i Jondalstunnelen på ca 5500 meter til saman. Vi ligg fortsett godt an i forhold til planlagt framdrift og ser fram til gjennomslag i to tunnelar i løpet av året som kjem, seier prosektleiaren.

Arbeid i Jula
Dei fleste av arbeidarane på anlegget tar julefri, så her vert stillare enn vanleg. Vi nyttar høvet til å ønske vegnaboar og trafikantar ei God Jul!

Det går "på fram", rekkverk er under montering.