-Status for Jondalstunnelen er at vi pr. dato har drive 4915 meter frå Nordrepollen og 3218 meter frå Jondalssida (Torsnes), totalt 8133 meter, opplyser byggeleiar Hallvor Solheim. Det står att 1917 meter av den 10050 meter lange tunnelen. [29.06.2011]
Tunnelarbeidet har gått jamnt og godt, og grøfter for overvatn/drens og tekniske anlegg følger med eit stykke bak sjølve drivinga i tunnelen. Første veka i ferien vil berelaget (del av vegen) på begge sider i tunnelen verte asfaltert, og da har “boreriggane” bokstaveleg tala tatt fellesferie.
Torsnestunnelen
For Torsnestunnelen er arbeida med portalane starta og fundamenta for desse er støypte. Daglina mellom Torsnestunnelen og
Saltkjelen må sprengast ned til rett høgde. Dette arbeidet går føre seg no, og har medført at fylkesveg 107 som ligg nedanfor
den nye veglinja må haldast stengt i periodar. Vegen vert opna for trafikk ein gong i timen.
I Nordrepollen
-Her er vi ferdige med etterreinsking av fjellskjæringa på den nye veglinja, seier Solheim. Her vert det no arbeidd med grøfter
og legging av høgspentkabel/trekkerøyr. Det er støypt to bruer på same strekninga, slik at ein no får eit visst inntrykk av
veglinja opp mot Jondalstunnelen.
Bergfjelltunnelen (også kalla Nordrepolltunnelen) som er ein eksisterande tunnel på fv. 51 ca. midt mellom Nordrepollen og Austrepollen, skulle i utgangspunktet berre opprustast litt og lysregulerast fordi den er for smal. No har fylkestinget gjort vedtak om at denne kan utvidast til T8,5 innenfor dei økonomiske rammene i prosjektet.
Elektroarbeid
I totalentreprisen som Kruse Smith Entreprenør AS har for Jondalstunnelen, var ikkje elektrodelen med. Entreprise for elektro
er no lagt ut på Doffin for konkurranse og frist for denne tilbodsinnleveringa er i slutten av august månad.
Ferietider
Frå 11. juli til 1. august vert det fellesferie på anlegget. Første ferieveka vert det som sagt asfaltering av berelaget i
Jondalstunnelen. Dette fordi dei da får jobbe utan å ta omsyn til sjølve tunnelarbeidet.
Fundamenta for portalen til Torsnestunnelen nord er ferdige. Her er det eine.