I samband med at den nye traséen for Jondalstunnelen/Torsnestunnelen skal koplast inn på eksisterande fylkesveg 107, må vegen stengast i periodar grunna bygging av ny veg og rundkjøring. [18.02.2011]
Frå måndag morgon klokka 07.00 til torsdag kveld klokka 19.00 kvar veke framover kan dette arbeidet føre til stengd veg. Her vert opna for gjennomkjøring i ti minutt kvar time, frå fem minutt på heil time til fem minutt over. Trafikken vert da dirigert gjennom anleggsområdet.
Utrykkingskøyretøy kan passere utanom desse tidene.
Til høgre på sida under "Last ned" finn du ei planteikning over korleis rundkjøringa og vegane vil bli. Til venstre på teikninga er utløp nord av Torsnestunnelen.