Arbeidet med prosjektet Jondalstunnelen går framover som planlagt. Det har vore gjennomslag i Torsnestunnelen, og i Jondalstunnelen står 3,85 kilometer att å sprenge av den milelange tunnelen. [02.03.2011]
- I løpet av året vert det gjennomslag, seier prosjektleiar Rolf Harkestad
Arbeid i Nordrepollen
Her er to nye bruer under bygging, den eine over elva Køylo, og den andre kryssar Øyreselva. Begge desse elvene er regulerte,
slik at vasstanden er låg og ganske konstant.
Bruene skal vere ferdige i løpet av september månad i år, og da vil også trafikk på eksisterande fylkesveg 51 ta desse i bruk.
Tunnelarbeid
I Jondalstunnelen sprengjer dei to arbeidslaga seg om lag 110 meter nærare kvarandre for kvar veke som går. Her vert drive
frå begge endar.
I Torsnestunnelen er det sikring av påhogg nord mot Jondal som går føre seg, samt restarbeid for den permanente sikringa i tunnelen. Det vert eit opphald i arbeida før ein fortsett med grøfter for drenering og trekkjerøyr for kablar til det tekniske utstyret i tunnelen. Så kjem opparbeiding av sjølve vegbana med asfaltering til slutt. Ettersom det er noko vassdrypp i tunnelen, må vi også inn med ein del vass- og frostsikring.
Vegarbeid på Torsnes
Den nye traséen for Jondalstunnelen skal koplast inn på eksisterande fylkesveg 107 i ei rundkøyring ved Belsnes. Dette inneber
omlegging av eksisterande fylkesveg for å få desse to vegane saman. Arbeida er i full gang, og vegen må difor stengast i periodar.
Torsnestunnelen - opning mot Jondal.