Prosjektet Jondalstunnelen held tidsplana og 9. mai var det att 2846 meter fjell å sprenge ut før gjennomslag. [18.05.2011]
- Det vert nok i god tid før jul, lovar assisterande byggeleiar Per Inge Naterstad.
Så langt Jondalstunnelen
Det er sprengt 4460 meter inn frå Nordrepollen og 2744 meter inn frå Torsnes-sida. Dei arbeider seg no innover i tunnelen
med sikring, veg og grøfter. Så vert det lagt asfalt etter kvart, såleis har 2 km frå sør og 1,2 km frå nord fått svart dekke.
Elektroarbeida ligg ikkje i den eksisterande avtalen med entreprenør Kruse Smith AS, og skal difor lysast ut i eige tilbod før sommarferien.
Brua over Øyreselva vart ferdig støypt i veka etter påske og Køylobrua skal støypast før ferien.
Torsnestunnelen
I sjølve tunnelen foregår betongkontroll og førebuing til vatn- og frostsikring.
Mellom Torsnestunnelen og eksisterande veg er den nye vegen under bygging. Her vert mykje sprengingsarbeid for å få vegen på rett plass i det skrånande terrenget. Og mykje massetransport.
Ny veg og høg skjæring inn mot Jondalstunnelen. Foto: Per Inge Naterstad
Ser ut til at einkvan har funne seg til rette på den nye vegskråninga. Foto: Per Inge Naterstad
Brua over Øyreselva er ferdig støypt. Foto: Per Inge Naterstad
Inngang til Torsnestunnelen frå nord - Torsnes til høgre. Foto: Eivind Kolle
Jfr. førre foto av tunnelopninga - her har fotografen snudd seg og ser ned mot eksisterande veg. Her skal nyvegen ta av i rundkjøring. Foto: Eivind Kolle