
Både Jondal og Tørvikbygd ferjeleie er bygd ut i slutten av 1960-åra og er dimensjonert berre for lokaltrafikk over Hardangerfjorden til/frå Jondal kommune. Når Jondalstunnelen opnar i slutten av 2012, vil det medføra at ferjesambandet får vegopning mot Odda, Kvinnherad og E134 aust- og sørvestover. Det vil føra til trafikkauke og medføra at oppstillingsplassane på begge ferjeleia vert for små.
Ferjestrekninga vert i dag trafikkert av ei ferje. Overfartstida er om lag 25 minuttar slik at frekvensen med ei ferje vert avgang om lag kvar time. Det er lite truleg at det vert sett inn fleire ferjer, men at sambandet vert betent av ei ferje med større kapasitet enn den ferja som trafikkerer sambandet i dag.
Før ein startar reguleringsplanarbeidet med å utvida ferjeleia må ein ta stilling til om ferjeleia ligg på rett plass eller om det er nødvendig å flytta ferjeleia. Denne utgreiinga tek sikte på å avklara dette spørsmålet. Eit viktig moment dersom ein skal flytta ferjeleia, er at ein kan korta inn ferjestrekninga og dermed overfartstida og effektisera sambandet.
| Veg: | Fv. 550 |
|---|---|
| Fase: | Utredningsfase |
| Kommuner: | Jondal, Kvam |
| Fylke: | Hordaland |
| Prosjekteier: | Hordaland fylkeskommune |