Som eit minnesmerke over samfunnsutvikling og vegbyggjarkunst går Kongevegen over Filefjell frå Lærdal i Sogn til Vang i Oppland.

Heilt frå dei tidlegaste tider har ferdsla mellom Austlandet og Vestlandet gått over Filefjell. Eit viktig årstal i den lange veghistoria er 1793. Då stod Kongevegen over Filefjell ferdig, den første køyrevegen mellom aust og vest.
Vegen er eit kulturminne med stor nasjonal verdi, og delar av den er med i Statens vegvesen sin Nasjonale verneplan.
| Fase: | Utredningsfase |
|---|---|
| Kommuner: | Lærdal, Vang |
| Fylker: | Sogn og Fjordane, Oppland |