Sommarjobb i kongelege hjulspor

Utstyrt med refleksvest, fjellsko og med eit årvakent blikk, har dei to studentane tråla dalsidene og høgfjellet i Lærdal på leiting etter den gamle Kongevegen over Filefjell. [03.08.2010]

– Det har vore kjempespennande. Vi har arbeidd utandørs i fantastisk natur, og i tillegg lært mykje som er relevant for utdanninga vår, fortel Silja Jermstad og Hanne Johnsrud.

Mykje leiting
Dei to jentene studerer til vanleg landskapsarkitektur ved Universitetet for miljø- og biovitenskap i Ås, men har denne sommaren hatt Lærdal og Filefjell som arbeidsplass. På oppdrag frå Statens vegvesen har dei hatt i oppgåve å saumfare og registrere lange strekningar av Kongevegen over Filefjell.
Delar av vegen er synleg den dag i dag, og vert mykje brukt til vandring. Andre stader er den svært vanskeleg å få auge på den der den ligg attgrodd og prega av ”tidens tann”. Vegetasjon og vatn har gjennom åra øydelagt både vegkropp og murar.
Ved hjelp av lokalkjende har dei to jentene funne mange av dei gøymde vegstykka, men nokre stader er vegen heilt øydelagt.
– På nokre strekningar er nyare vegar bygd oppå Kongevegen. Der den går gjennom gardstun har vegen nokre stader blitt brukt til andre formål, som potetåker eller garasjetomt, fortel Silja Jermstad.

Pionerarbeid
Det er eit nybrotsarbeid dei to studentane deltek i. Aldri før har det blitt gjort så detaljerte og systematiske registreringar av gamle vegar, fortel leiar for prosjektet, Tine Eikehaug. Ho har ansvar for gjennomføringa, og deltek også sjølv i feltarbeidet.
– Vi har henta inspirasjon frå Sveits, der dei har lange tradisjonar med registrering og bruk av historiske vegar. Den sveitsiske metodikken er deretter tilpassa norske tilhøve.
Korleis vegen ligg i landskapet, breidde, overflate, tilstand og skader er blant det registratorane ser etter. Dette er ikkje ein jobb for dei utolmodige, vedgår dei.
– Når ein etter ein heil dag ute i felten berre har flytta seg 500 meter får ein eit heilt anna syn på omgrepet avstand, seier Hanne Johnsrud med eit smil.

- Nyttig erfaring
Om det til tider kan vere ei tolmodsprøve, så har dei framtidige landskapsarkitektane likevel fått mykje nyttig erfaring.
– Vi blir kjende med registreringsprosedyren, og lærer oss å trene blikket og sjå ting i terrenget. Det har også vore lærerikt å samarbeide med arkeologar og kulturminnefolk, seier Jermstad.
Sommaren nærmar seg slutten, og det same gjer deira tid i Lærdal. Om eit par veker set dei kursen tilbake til Ås og studentlivet. Med seg i bagasjen har dei mange nye erfaringar og fine minner.

Dei to studentane Hanne Johnsrud(t.v) og Silja Jermstad har hatt ein flott ein flott sommar som feltarbeiderar for Vegvesenet.