Kvammapakken – status mars 2010

Som første delprosjekt i Kvammapakken vart strekningen Øystese-Nes med tunnel gjennom Børveneset lyst ut som totalentreprise i februar i år. Her er stor interesse frå entreprenørbransjen og seks firma var med på tilbodssynfaring 9. mars. [10.03.2010]

Frist for å levere tilbod er 29. april klokka 1200, og grunnen til den lange leveringstida er at entreprenørane treng lengre tid når det gjeld ei totalentreprise.

Ei totalentreprise vil seie at entreprenøren også har ansvar for å utarbeide byggeplanar.

Grunnarbeid bomstasjonar Kvam og Voss

Midt i mars startar grunnarbeida og fundamentering for bomstasjonane både for Kvammapakken og Vossapakko. For Kvammapakken vart GBS entreprenør AS tildelt jobben og for Vossapakko har Voss maskinstasjon AS fått same oppdrag. 

Når grunnarbeid og fundament er ferdig er det eit spansk firma, Tecsidel s.a. som skal levere utstyr og montere sjølve bomstasjonane. Desse har erfaring frå tidlegare prosjekt i Noreg.

Bomstasjonane vert sett opp ved Kjepsohøgda og i Steinsdalen for Kvammapakken, og for Vossapakko vert bomstasjonane ved Furnestreet og i Svelgane.

Bomstasjonane skal vere operative til innkrevinga startar i byrjinga av juni.