Børvenestunnelen opna

- Vegopningar er sjeldsynte i Kvam, sa ordførar Asbjørn Tolo i sin tale til folket. Han innrømte at det var hans første vegopning, men han tykte det var så kjekt at han vurderte å spesialisere seg på dette feltet [07.11.2011]

Kjekk dag var det óg for Hordaland fylkeskommune, hovudentreprenør Veidekke as og Statens vegvesen. Det vart nok dessutan ei ny tid for bebuarane rundt Børveneset.

Gratulerer med dagen
Mykje folk hadde møtt fram og véret heldt seg tørt til etter at fylkesordførar Tom-Christer Nilsen hadde kutta snora og Øystese skulemusikklag hadde fargelagt dagen med fin musikk.

Regionvegsjef Helge Eidsnes greidde ut om prosjektet, og sa seg svært nøgd med samarbeidet med hovudentreprenør Veidekke as og alle som har gjort ein innsats. Spesielt godt er det at prosjektet er gjennomført utan ulukker.

Så fekk fykesordførar Tom-Christer Nilsen mikrofonen; Han takka for vel utført arbeid, og ettersom han sto med ryggen til tunnelopninga, vona han at det var godt stengd på andre enden. Så fekk han kutte snora og erklære vegen for opna.

Her var utdeling av refleksvestar til alle som ynskte seg ein ny, og busstur for inviterte gjestar gjennom det nye veganlegget etter opninga. Vidare var dei same gjestane inviterte til lunsj på Hardangerfjord hotell.

Mange godord
Fylkesmann Lars Sponheim helsa og gratulerte til alle som lever for og av vegbygging. På si ferd mellom Bergen og Hardanger er han – etter at den grønne “godblunken” ved bomstasjonane kom -  nøye med å reise like ofte på fylkesveg 7 som på E16.

-De la sikkert merke til at fylkesordførar Tom-Christer Nilsen vart avvæpna rett etter opninga, sa regionvegsjef Helge Eidsnes. Men no skal han få kniven til odel og eige, og den er brukt kun éin gong.

Styreleiar i Kvam bompengeselskap, Reidun Rasmussen Mjør tykkjer det er leitt at vi må drive “loddsal” for å få brukande vegar i Kvam. Det har óg vore stor usemje om plassering av bomstasjonane.
- Men no kjem pengane inn og vi klarar å levere på budsjett – det er vi stolte av, sa ho.

Kåre Strand i Veidekke as fekk ordet:
- Det er to hyggelege dagar i eit prosjekt – den dagen vi får oppdraget og den dagen vi er ferdige. Han takka for godt samarbeid både med oppdragsgjevar og vegnaboar som har vist stort tålmod og stor velvilje.  

Elles var ordførarane i nabokommunane med og gratulerte, og mange blomsterbukettar skifta eigar; Ein god novemberfredag i Kvam!

  • Vegeigar og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og vegbyggjar regionvegsjef Helge Eidsnes har ein god dag.

    Vegeigar og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og vegbyggjar regionvegsjef Helge Eidsnes har ein god dag.

  • Regionvegsjefen held tale, fylkesordførar Nilsen og ordførar i Kvam herad, Asbjørn Tolo lyttar.

    Regionvegsjefen held tale, fylkesordførar Nilsen og ordførar i Kvam herad, Asbjørn Tolo lyttar.

  • Her er tre glade menn, snora er kutta...

    Her er tre glade menn, snora er kutta...

  • ... men her er den eigentlege "hovudpersonen"...

    ... men her er den eigentlege "hovudpersonen"...

  • Erlend Iversen frå Hordaland fylkeskommune delte ut refleksvestar til alle.

    Erlend Iversen frå Hordaland fylkeskommune delte ut refleksvestar til alle.

  • Ein god dag også for dei minste.

    Ein god dag også for dei minste.

  • Mange ville vere med på opningsarrangementet, som gjekk føre seg mellom rundkøyringa og tunnelen i Øystese.

    Mange ville vere med på opningsarrangementet, som gjekk føre seg mellom rundkøyringa og tunnelen i Øystese.

  • F.v. fylkesmann Lars Sponheim, avdelingsleiar i Veidekke Kåre Strand, ordførar i Kvam Asbjørn Tolo, fylkesordførar i Hordaland Tom-Christer Nilsen, styreleiar i Kvam bompengeselskap Reidum Rasmussen Mjør, regionvegsjef Helge Eidsnes og prosjektleiar Rolf Harkestad i Statens vegvesen.

    F.v. fylkesmann Lars Sponheim, avdelingsleiar i Veidekke Kåre Strand, ordførar i Kvam Asbjørn Tolo, fylkesordførar i Hordaland Tom-Christer Nilsen, styreleiar i Kvam bompengeselskap Reidum Rasmussen Mjør, regionvegsjef Helge Eidsnes og prosjektleiar Rolf Harkestad i Statens vegvesen.

  • F.v. anleggsleiar i Veidekke Christian Mikkelsen, byggeleiar i statens vegvesen Gunnar Erstad og anleggsleiar i Bertelsen og Garpestad Magne Omdal. Alle foto: Synnøve Lien

    F.v. anleggsleiar i Veidekke Christian Mikkelsen, byggeleiar i statens vegvesen Gunnar Erstad og anleggsleiar i Bertelsen og Garpestad Magne Omdal. Alle foto: Synnøve Lien