I samsvar med § 12-10 i plan- og bygningslova melder Statens vegvesen om at reguleringsplanen for planfri gangveg-kryssing over rv. 13 ved Bjørgum i Voss kommune vert lagt ut på offentleg høyring. [09.02.2012]
Det vert kontordag på Voss vegkontor tysdag 6. mars kl. 1400–1700 og ope møte om planen tysdag 6. mars frå kl. 1800.
Planframlegget ligg på vegvesen.no og på Voss kommune sine nettsider. Det ligg også eit papirutkast på Voss vegkontor, på Bjørgum skule og hjå kommunen.
Innspel eller merknader til planforslaget skal sendast skriftleg til Statens vegvesen, Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger innan 23. mars 2012.
De kan også ta kontakt med Iren Meisterplass, Statens vegvesen, tlf. 57 65 57 23