Prosjektet Bu–Brimnes er eit rassikringsprosjekt på ein av våre rasutsette strekningar i indre Hardanger mellom Brimnes og Bu, som blir bygd i 3 byggetrinn. Prosjektet er prioritert som konsekvens av omlegginga av trafikken og trafikkauken som vil skje som følgje av Hardangerbrua.
Prosjektet grenser inn til Hardangerbru-prosjektet, og det skal byggjast tofelts veg på heile strekninga med gang- og sykkelveg over Buplatået. Massar frå tilførsletunnel til Hardangerbrua er nytta til rassikring/fylling over Bugjelet. Frå Bugjelet blir det bygd ny veg til Kobbestille. Vegen går vidare ned mot Brimnes ferjekai, og det er bygd 3 større rassikringstiltak; rasvoll i Kobberstille og nye bruer i Navragjelet og Storagjelet med utviding av rasløpa under bruene.
Frå bygging av Navragjelbrua. (Foto: Geir Brekke)