
Reguleringsplanforslaget er ein del av strekninga Øvre Granvin-Voss grense i kommunedelplan, godkjend i 1996. Tilstøytande strekning (med Tunsbergtunnelen) opna 20. desember i fjor, som ein del av Vossapakko. Tunnelen i planforslaget låg opphavleg inne i same pakke som ein 400 meter lang miljøtunnel bak busetnaden i Øvre Granvin. Denne vart tatt ut av Vossapakko fordi det i 2007 gjekk ras like aust om planlagt tunnelpåhogg ved Granvinsvatnet. Det vert difor no regulert inn ein betydeleg lengre tunnel på ca 1900 m forbi det rasfarlege Joberget. Planoppstart for ny og lengre tunnel vart annonsert i avisa Hordalnd i april 2009.
| Veg: | Rv. 13 |
|---|---|
| Fase: | Planfase |
| Kommune: | Granvin |
| Fylke: | Hordaland |
| Prosjekteier: | Statens vegvesen |