Hovedside/Vegprosjekter/Rv. 15 Rise bru–Stryn aust

Rv. 15 Rise bru–Stryn aust

Oversiktsbilde som viser strekninga Rise bru–Stryn aust.

Riksveg 15 mellom Otta og Måløy er ei svært viktig transportåre mellom Sunnmøre, Nordfjord og Sunnfjord mot Trøndelag og austlandet. Vegen frå Stryn mot Oppstryn vart bygd før 1900, og dagens veg følgjer framleis same trase. Vegen har mellom anna vore utvida i breidda, men parsellen Stryn aust–Rise bru er ei av dei få strekningane som ikkje er utbetra. Den 1400 meter lange parsellen har låg standard med flaskehalsar og dårleg framkomst. Vegbreidda er 5–6 meter. Utbetring av strekninga omfattar i hovudtrekk 1400 meter ny riksveg 15 og 1200 meter gang- og sykkelveg, samt sidevegar, kryss, busslommar, avkøyrsler, gangbru og lysanlegg.

Rv. 15 Rise bru–Stryn aust
Veg: Rv. 15
Fase: Byggefase
Kommune: Stryn
Fylke: Sogn og Fjordane
Prosjekteier: Statens vegvesen