Hovedside/Vegprosjekter/Rv. 5 Hammarsgrovi-Stølsneset (Kjøsnesfjorden)

Rv. 5 Hammarsgrovi-Stølsneset (Kjøsnesfjorden)

For å eliminera ein svært rasutsett strekning i Kjøsnesfjorden, skal det byggjast ein 2,7 km lang tunnel. Prosjektet skal ferdigstillast hausten 2009 og det vert opning måndag 2. november.

Oversikt over området der tunnelen vert bygd med innteikna rasløp og rasvollarOversikt over området der tunnelen vert bygd med innteikna rasløp og rasvollar.

Rv. 5 Hammarsgrovi–Stølsneset er eit rassikringsprosjekt innerst i Kjøsnesfjorden i Jølster kommune. Den 2,7 km lange Støylsnestunnelen vil eliminera fleire rasløp som har ført til vegstengingar og ulykker.

Det vert bygd 2660 meter ny tunnel og ca. 590 meter veg i dagen, totalt ca. 3250 meter ny veg. I tillegg vert det bygt 550 meter kommunal veg og skogsveg. Det vert òg bygd i alt 5 rasvollar av ulik storleik, dei vert bygde med overskotsmassar (laussmassar og tunnelmassar).

Hovudentreprenør på prosjektet er Mika AS og Mesta Elektro AS har elektro kontrakten.

Den nye tunnelen vil eliminere ein rasutsett strekning mellom Lundevassenden og eksisterande lausmassetunnel ved Føreneset.

Rv. 5 Hammarsgrovi-Stølsneset (Kjøsnesfjorden)
Veg: Rv. 5
Fase: Åpnet
Kommune: Jølster
Fylke: Sogn og Fjordane