Reguleringsplan rv. 5 Lunde–Føreneset

I medhald av §9-4 i plan- og bygningslova la Statens vegvesen framlegg til reguleringsplan for rv. 5 Rassikring i Kjøsnesfjorden, Lunde–Føreneset i Jølster kommune ut til offentleg ettersyn i tida 28. mars–28. april 2006. Planen vart godkjent 20. juni i 2006.

Reguleringsplanen viser areal til rassikringstiltak. Det er planlagt ein ca. 2,7 km tunnel frå Lunde og til Føreneset. Rasløpa, Erkeskreda, Hammarsgrova, Stølsneset, to av grøvene vest for Stølsneset, Ripestranda og Hesa blir då sikra. Ved hjelp av oveskotsmassar skal det byggast vollar ved Flotefonna og Høgrendefonna.

Sist oppdatert: 12. februar 2010