Bakgrunn

Heilt sidan midten av 1970-talet har Ryfylke hatt ein visjon om og arbeidd for eit samband til Stavanger-halvøya. I lang tid var det tale om kryssing av Høgsfjorden med røyrbru.

Bru-konseptet stranda, og etter ein lang og tidkrevjande prosess blei politikarane samde om å satse på Ryfast som fastlandssamband. I dei ti siste åra er det difor arbeidd med å utvikle planar for fastlandssambandet.

Det er i dag to ferjesamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren: Stavanger–Tau og Lauvvik–Oanes.

Ferjene bind saman Ryfylkekommunane Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand, med om lag 19 500 innbyggarar, og regionsenteret Stavanger og resten av Nord-Jæren.

Dei er også regionens hovudsamband til det nasjonale transportnettet: E39 Kyststamvegen, Stavanger lufthavn Sola og Risavika havn.

Eit av prosjektets hovudføremål er å gi eit enklare og betre samband mellom Ryfylke og Nord-Jæren enn dagens ferje- og snøggbåtsamband.

Stavanger–Tau er eit samband med mykje trafikk. I 2010 reiste i snitt 2192 personar med dette sambandet dagleg. Dagleg nyttar 1580 køyrety sambandet.
 
Sambandet Lauvvik–Oanes har omtrent same biltrafikk som Stavanger–Tau, med en ÅDT på 1573 i 2009. I snitt reiste 1300 personar med dette sambandet dagleg i 2010.

Ryfast er eit typisk ferjeavløysingsprosjekt der problema i samband med ferjebruk forsvinn når prosjektet er ferdig.

I Stavanger legg ferja til kai i sentrum, og trafikken gir ekstra press på vegnettet. Trafikken frå Hundvåg og dei andre byøyane må over Bybrua og gjennom sentrum. Kapasiteten er i dag sprengd og det er mykje kø i rushtida. Presset på vegane hindrar utvikling og busetting på Hundvåg. Stavanger kommune har et sterkt behov for å leggje til rette for næringsliv og busetting på Hundvåg.

Ryfastprosjektets andre hovudføremål er å gi innbyggjarane og næringslivet på Hundvåg/Buøy eit nytt samband til fastlandet for å leggje til rette for utvikling og busetting og næringsliv på øyene.