Fakta om strekninga

  • Strekning: Oanes-Sauda-Horda
  • Vegnummer: Rv.13, Fv.46/520
  • Lengde: 183 km
  • Kommunar: Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda og Odda (Hordaland)
  • Fylke: Rogaland og Hordaland

Statens vegvesen har støtta eit næringsprosjekt knytt til Nasjonal turistveg Ryfylke saman med kommunane, fylkeskommunen og Fylkesmannen i Rogaland. Næringsprosjektet har fått merka turstigar, laga informasjonsplakatar og guider.

Ryfylke har eit mildt og nedbørrikt klima og frodig vegetasjon. Vegvesenet har laga planar for utsiktsrydding i tre etappar. Planane omfattar alle de fem vertskommunane. Det er gjennomført ryddingshogst i fleire sesongar. Mesteparten av arbeidet er koordinert av skogbruksleiaren i Suldal kommune. Dette er ikkje eit eingongsarbeid, men må gjentakast med jamne mellomrom for å halde utsikten frå vegen vedlike.


  • Variert natur ved riksveg 13, Nasjonal turistveg Ryfylke. Vestre del av Tysdalsvatnet i Hjelmeland. ©Foto: Werner Harstad / Statens vegvesen

    Variert natur ved riksveg 13, Nasjonal turistveg Ryfylke. Vestre del av Tysdalsvatnet i Hjelmeland. ©Foto: Werner Harstad / Statens vegvesen

  • Interiør i glassoverbygd fergekai og servicebygg ved Ropeid, Nasjonal turistveg Ryfylke. Arkitekt: Jensen & Skodvin ©Foto: Per Kollstad / Statens vegvesen

    Interiør i glassoverbygd fergekai og servicebygg ved Ropeid, Nasjonal turistveg Ryfylke. Arkitekt: Jensen & Skodvin ©Foto: Per Kollstad / Statens vegvesen

  • Rasteplass med utsikt over Lovrafjorden sør for Sand i Sauda, Nasjonal turistveg Ryfylke. ©Foto: Per Kollstad / Statens vegvesen

    Rasteplass med utsikt over Lovrafjorden sør for Sand i Sauda, Nasjonal turistveg Ryfylke. ©Foto: Per Kollstad / Statens vegvesen

  • Svandalsfossen i Sauda, fossesti med trapper. Nasjonal turistveg Ryfylke. Arkitekt: Haga Grov / Helge Schjelderup ©Foto: Undi Torstensen / Statens vegvesen

    Svandalsfossen i Sauda, fossesti med trapper. Nasjonal turistveg Ryfylke. Arkitekt: Haga Grov / Helge Schjelderup ©Foto: Undi Torstensen / Statens vegvesen