Bygget blei planlagd som eit servicebygg på Ropeid ferjekai, med venterom, toalett og kiosk. Føresetnadene endra seg før bygget vart opna, og ingen ville drive kiosk i bygget. Bygget vil tene som venterom så lenge ferjesambandet drivast. Annan bruk av bygget til verksemd knytt mot turistane er mogeleg, om nokon har gode idear.
Glassoverbygd fergekai og servicebygg ved Ropeid, Nasjonal turistveg Ryfylke. Arkitekt: Jensen & Skodvin ©Foto: Per Kollstad
/ Statens vegvesen