
Sandsfjordbrua får ei total lengde på ca. 580 meter. Brua skal byggast som fritt-fram-bygg-bru i betong, med hovudspenn på 290 meter. Seglingshøgda blir 65 meter i ei breidde av 150 meter.
Prosjektet omfattar også totalt 5 km veg fram til brua, frå Øvrabø på vestsida og frå Tysingvatnet på austsida. Vegen skal for det meste byggast i bratt og ulendt terreng og det skal byggast 5 tunnelar på til saman 1450 meter på strekninga.
| Veg: | Fv. 46 |
|---|---|
| Fase: | Prosjekteringsfase |
| Kommune: | Suldal |
| Fylke: | Rogaland |
| Prosjekteier: | Rogaland fylkeskommune |