Hovedside/Vegprosjekter/Nasjonal turistveg Sognefjellsvegen

Nasjonal turistveg Sognefjellsvegen

Siktekikkert i glass ved Nedre Oscarshaug, Nasjonal turistveg Sognefjellet. Kikkerten viser namn på fjelltoppar i området. Arkitekt: Carl-Viggo Hølmebakk. ©Foto: Werner Harstad / Statens vegvesen 

Siktekikkert i glass ved Nedre Oscarshaug, Nasjonal turistveg Sognefjellet. Kikkerten viser namn på fjelltoppar i området. Arkitekt: Carl-Viggo Hølmebakk. ©Foto: Werner Harstad / Statens vegvesen

Sognefjellsvegen er den høgste fjellovergangen i Noreg med sine omlag 1434 meter over havet. Denne viktige innfallsporten til Jotunheimen har lange ferdselstradisjonar.

Køyreturen over fjellet går frå aust gjennom frodige kulturlandskap i Bøverdalen, etterkvart meir marginale jordbruksområde fram til dei siste setergrendene rundt Bøvertun. Herfrå opplever ein den smale og trolske Breidseterdalen opp til Krossbu, som den siste "stasjonen" før stigninga opp til høgfjellsplatået. Den vegfarande får her vidsyn til isbrear og mektige fjell.

På vestsida er møtet med fjord og dalar meir dramatisk, der vegen nærast stuper ned frå Oscarshaug via Turtagrø og ned til dei stille bygdene inst i Sognefjorden. Vegen tar deg utetter langs fjorden fram til Gaupne, sjølve endepunktet på den nasjonale turistvegen.

Nasjonal turistveg Sognefjellsvegen
Kommuner: Lom, Luster
Fylker: Sogn og Fjordane, Oppland