Fakta om strekninga

Strekning: Lom-Gaupne
Vegnummer: Fv. 55
Lengde: 108 km
Kommunar: Lom, Luster
Fylke: Oppland, Sogn og Fjordane

Sognefjellsvegen er den høgste fjellovergangen i Nord-Europa og er innfallsport til Jotunheimen. Vegen har tradisjonar som gamal ferdselsveg mellom Gudbrandsdalen og fjordbygdene i Sogn. I tidligare tider var det utrygt å reise over fjellet her, kor lov og rett ikkje alltid nådde fram.

Langs vegen finns det mange rasteplassar og andre stoppestader, som er tilrettelagt spesielt for at fjellturistane langs vegen skal kunne oppleve og nyte naturen.
Sognefjellet var ein av fire prøvestrekningar for Nasjonale turistvegar mellom 1994 og 1997.

Utmerkingar til strekninga:
Statens byggeskikkpris 1998

  • Mefjellet rasteplass med Knut Wold sin kunstinstallasjon. Namnet Mefjellet tyder "midt på fjellet". Foto: Roger Ellingsen/ Statens vegvesen

    Mefjellet rasteplass med Knut Wold sin kunstinstallasjon. Namnet Mefjellet tyder "midt på fjellet". Foto: Roger Ellingsen/ Statens vegvesen

  • Sognefjellsvegen har eit stort spenn av kulturpåvirka landskap-her marginale beiteområde ved Bøvertun. Foto: Helge Stikbakke/ Statens vegvesen

    Sognefjellsvegen har eit stort spenn av kulturpåvirka landskap-her marginale beiteområde ved Bøvertun. Foto: Helge Stikbakke/ Statens vegvesen

  • Arbeid med å opne fylkesveg 55., Nasjonal turistveg Sognefjellet, etter vinterstenging. ©Foto: Per Kollstad / Statens vegvesen

    Arbeid med å opne fylkesveg 55., Nasjonal turistveg Sognefjellet, etter vinterstenging. ©Foto: Per Kollstad / Statens vegvesen