Liasanden låg inne i ein overordna rasteplassplan for Oppland og var tenkt som ein tradisjonell rasteplass. Arkitekten såg at det var mogleg å utnytte topografien og la denne bestemme korleis veg og rastelommer kunne plasserast inne i skogen. Grusvegen gjennom skogen har form av ei "elv" som utvidar seg og smalnar av i samspel den topografien som finns i skogen.
Vidare planar
Liasanden er svært populær. Etter over 13 år i teneste for turistane har slitasje av skogbotnen og terrenget ned mot elva sett sine spor. Det vert arbeidd med enkle tiltak som kan bidra til at bilane ikkje køyrer utanfor gruselva og at turistane ikkje trør ned terrenget meir enn naudsynt.
Møbel med særpreg på Liasanden rasteplass i Leirdalen, Lom, Sognefjellet. Arkitekt: Jensen & Skodvin ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen
Liasanden rasteplass i Leirdalen, Sognefjellet. Furustammene står tett innpå køyrevegen og har derfor fått vern mot nærgåande bilar. Arkitekt: Jensen & Skodvin ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen
Informasjonstavle på Liasand rasteplass. Nasjonal turistveg Sognefjellet. Arkitekt: Jensen & Skodvin. ©Foto: Nils Petter Dale for Statens vegvesen