Rv. 555 Sotrasambandet
Hvor?
- Fylker:
- Vestland
Kommuner:
Øygarden, Bergen
Hva?
Sotrasambandet er et nytt 9,4 km langt firefelts vegsamband mellom Storavatnet og Kolltveit. Prosjektet omfattar mellom anna fire to-løps tunnelar, ei ny firefelts bru på om lag 900 meter, gang- og sykkelveg, samt innfartsparkering og kollektivterminalar.
Hvorfor?
Dagens samband er overbelasta og sårbart. Den nye løysinga skal gi betre trafikkflyt, auka trafikktryggleik og meir føreseieleg transport for både folk og næringsliv.
Kart
Framdrift
Reguleringsplan for rv. 555 Sotrasambandet, parsell Kolltveit-Storavatnet er vedteke i Fjell kommunestyre 26. mai 2016 og i Bergen bystyre 21. september 2016.
Rv. 555 Sotrsambandet fekk avgjersle om investering i Stortinget 15. mai 2018. Stortinget vedtok og at prosjektet skulle verte gjennomført som eit offentleg-privat-samarbeid (OPS).
Det mest omfattande førebuande anleggsarbeidet har vore omlegginga av den 3,8 km lange høgspentlina. Høgspentlina frå 1995 måtte vike plassen for ny Sotrabru. Arbeidet starta i mai 2018, og to kabeltunnelar er bygd, ein frå Breivik til Drotningsvik og ein frå Knarrevik til Litle Sotra. Når kabeltunnelane stod ferdig våren 2021 stod BKK for sjølve omlegginga 132kV og 300kV kraftlina. Høgspentkablane vart trekt frå Breivik gjennom tunnel til Drotningsvik, under Sotrabrua og videre frå Knarrevik gjennom tunnelen frem til Litlesotra.
I mai 2021 starta arbeidet med å ta ned master og liner. Høgspentkablane over Vatlestraumen vart sprengt ned. Lengda på lina som blei sprengt ned er rundt 3,8 kilometer, med totalt 22,8 kilometer leidningar. Det måtte 35 sprengladningar til, og desse blei festa dels av klatrarar og dels med dronar. Kablane blei sprengt ned i éin og same sprenging. Linene som falt i bakken og i sjøen vart så spola inn og frakta ut av området.
Anleggsarbeidet i Arefjordvegen og Bildøyvegen starta opp i august 2020. Langs Arefjordvegen og Bildøyvegen er nye høgspentkablar lagt i kabelkanal, og vegstrekninga mellom rundkøyring ved Kystbygarasjen/Høgestølen mot Bildøyvegen er utvida i breidda med sykkelfelt i begge retningar. Det er og bygd ny rundkøyring og nytt system for vatn, spillvatn og overvatn
Reguleringsplan for rv. 555 Storavatnet, ny kollektivterminal og grøntstruktur med plan-ID 64550000 vart vedteken i Bergen bystyre 23. mai 2019, sak 145/19.
Endringar i høve til vedteken reguleringsplan for rv. 555 Sotrasambandet, Kolltveit–Storavatnet
- Flytta kollektivterminalen til område ved Olsvikskjenet
- Regulert inn tomt til brannstasjon i samsvar med ønskje frå Bergen kommune, Bergen brannvesen
- Innfarts-/turparkering nord for ny rv. 555, om lag 300 plassar
- Hovudsykkelvegen med fortau er lagt i grøntdraget sør for ny rv. 555 og føreslått forlenga til krysset Kjøkkelvikvegen/Lyderhornvegen
- Lukka drenering med to sedimentasjonsbasseng og vidareføring i eiga drensleidning gjennom Storavatnet til Bjørndalspollen. Ingen utslepp i Storavatnet.
- Veganlegget er i hovudtrekk halde som i gjeldande reguleringsplan for Sotrasambandet, vedteken i bystyret 21.09.2016.
19. desember vart kontrakten for bygging av rv. 555 Sotrasambandet lyst ut.
7. mars 2021 vart OPS-kontrakten tildelt Sotra Link AS.
Sjølve bygginga blir utført av eit «construction joint venture» kalla Sotra Link Construction, som består av dei tre entreprenørselskapa Webuild, SK Ecoplant og FCC Construction. Intertoll Norge AS har ansvar for drift og vedlikehald etter at vegen er ferdig.
Kontrakten blei signert i mars 2022, og har ein verdi på 19,8 milliarder 2022-kroner. Det er den største enkeltkontrakten som er inngått av Statens vegvesen nokon sinne.
Eigarskap (OPS-selskap): Sotra Link AS er eigd av Macquarie Group Ltd (70 %), SK Ecoplant Co. Ltd (20 %) og Webuild S.p.A (10 %)
Bygging: Sotra Link Construction JV ANS, eit samarbeid mellom Webuild (Italia), SK Ecoplant (Sør-Korea) og FCC Construction (Spania), er den faktiske entreprenøren som bygger vegen.
Drift og vedlikehald: Når vegen er ferdig, vil Intertoll Norge AS (eit dotterselskap av ungarske Intertoll) stå for drift og vedlikehald i 15 år, med opsjon på 5 +5 år.
22. mars 2023 starta bygginga. Det ljoma godt i store delar av Øygarden då Vegvesenet markerte den offisielle starten på Rv. 555 Sotrasambandet med ei sprengsalve i det som skal bli den nye Kolltveittunnelen.
2027 Trafikkopning for riksvegen
Samanhengande gang- og sykkelveg på 14 kilometer frå Storavatnet til Bildøy, inkludert tre gang- og sykkeltunnelar ved Janahaugen, Kiplehaugen og Harafjellet, samt gang- og sykkelbru over rv. 555 på Bildøy står ferdig.
Aktuelt
-
Gjennomslag i alle gang- og sykkeltunnelane på Sotrasambandet
— Denne veka kom gjennomslaget for den siste av dei tre gang- og sykkeltunnelane.
-
Gjennomslag i Drotningsviktunnelen
— Etter to år, kring 1000 salvar og nær 250 000 arbeidstimar er det endeleg gjennomslag i den lengste vegtunnelen på Sotrasambandet.
-
Gjennomslag i den tredje av fire vegtunnelar på Sotrasambandet
— Eit halvår etter at første salve blei avfyrt, ser ein no lys i begge endar av Knarrvikatunnelen.
Planer og dokumenter
Fakta og nøkkeltall
- Lengde:
- 9,4 km
- Finansiering:
- Stat, Bompenger
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2022–2033
Mer om prosjektet
Eksisterande rv. 555 med Sotrabrua er i dag hovudveg og einaste vegsamband mellom Sotra og Bergen. I gjennomsnitt går det meir enn 27000 køyretøy (ÅDT 2025) over brua kvar dag og trafikken på strekninga overstig dermed i dag det som vegsystemet har kapasitet til. Vegsystemet er sårbart ved hendingar, som t.d. ulykker.
Det er og vanskeleg å gjera planlagt vedlikehald, som
har resultert i eit stort etterslep for den over 50 år gamle Sotrabrua.
Talet på registrert ulykker langs heile den aktuelle strekninga er høgt.
Som einaste vegsamband fungerer rv. 555 både som fjernveg og veg for lokaltrafikken. Vegen går gjennom skiftande landskap, over fjordar og gjennom kulturlandskap og tettbygde strok.
Les mer
Kontakt
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
-
Skjenet 2, 5354 Straume
- Telefon:
- 47685804