Avgjerda i KS1-prosessen for Sotrasambandet (brev frå Samferdselsdept av 17.08.09) sa at konsept F og eit nytt konsept J skal danne grunnlag for vidare planlegging og utgreiingar i kommunedelplan for fastlandssambandet mellom Sotra og Bergen. [24.11.2010]
Hausten 2009 vart det arbeidd vidare med vurdering av aktuelle traséalternativ innanfor dei to konsepta som KS1 avgjerda tilsa. Det vart og vurdert om KS1-avgjerda ville føre til behov for evt endring i vedteke planprogram. Desse vurderingane vart samla i eit notat frå Statens vegvesen datert 25.11.09 som vart sendt til dei berørte kommunene for vedtak/avgjerd. Nærare omtale av dette vart lagt ut som nyhet på internettsida for Fastlandssambandet Sotra–Bergen (vegvesen.no) den 11.01.2010.
Som svar på dette notatet gjorde bystyret i Bergen kommune følgjande vedtak (datert 22.03.10, sak 70-10 og 71-19):
Bystyret i Bergen kommune har vedteke ein vesentleg utviding av planområdet og vi arbeider no med utarbeiding av nytt planprogram i samsvar med pkt 5 i vedtaket. Planarbeidet inneheld og ein silingsprosess av aktuelle vegløysingar og vurderingar av vegtrafikk og kollektivtransport, jf pkt 4 i vedtaket.
Etter framdriftsplanen skal framlegg til nytt planprogram vere ferdig rundt årskiftet 2010/2011, og vert mest sannsynleg sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn vinter/tidleg vår 2011. Høyringsperioden er 6 uker og med handsaming av innkomne merknader kan framlegg til planprogram verte sendt kommunane april / mai 2011. Planprogrammet kan verte vedteke sumaren 2011. Med den framdrifta vil framlegg til kommunedelplan for fastlandssambandet kunne ligge føre vinteren 2011/2012. Etter høyring og handsaming av merknader vil planen kunne være klar til slutthandsaming og vedtak i kommunane våren/sumaren 2012.